Referat

Det er lagt ut referat frå årsmøtet for 2023, samt frå første styremøte for 2024 under referat. Referat frå møter vil bli lagt ut på denne sida framover. I referata vil det også vere tidspunkt for neste møte.

Neste styremøte vil bli 19. mai, evt forslag til saker må sendast til styret før dette.

Innmelding i Flatraket IL

Flatraket IL har tatt i bruk Spond som medlemssystem. Innmelding i idrettslaget skjer gjennom Spond innmeldingsskjema eller gjennom invitasjonskoder for dei ulike gruppene.

Sjå innmeldingsskjema og meir informasjon her.

Ta gjerne kontakt dersom du treng hjelp til å melde deg inn, om du treng hjelp til å administrere medlemskapet ditt, om du lurer på om du alt er medlem, eller om du har andre spørsmål.

Velkommen til Flatraket Idrettslag

Domenet er gammalt, men nettsida er ny. Vi jobbar med å fylle sidene med relevant og nyttig informasjon. Etterkvart håpar vi også å få gjort noko med layouten.

Gi gjerne tilbakemeldingar om det er noke du saknar på heimesida, då helst informasjon vi ikkje treng å oppdatere så ofte.

Sjå Facebook-sidene for idrettslaget, samt sidene for dei enkelte undergruppene for siste nytt og oppdatert informasjon. Det er ikkje meininga at denne heimesida skal erstatte disse.