Turn

Flatraket er ei lita bygd med stor turnglede. Vi starta opp med turn allereie i 1976 og har  holdt på i over 40 år med troppsturn.

Det siste året har det blitt ei auka interesse for tumbling, og idrettslaget held på med å skaffe utstyr og utdanne sikringsinstruktørar.

Samansetting av gruppene varierar etter antal deltakarar og trenarar, dei siste åra har vi hatt om lag 30 aktive turnarar frå 1 til 10 klasse. Det er frivillige foreldre/bygdafolk som har vore trenarar i ei årrekke.

Vi har i dag klasser for 1-2. klasse, 4-7. klasse og 8-10. klasse. Klassene kan endre seg år for år, avhengig av kor mange som ønsker å vere med frå kvart årstrinn.

Turnen startar som regel opp etter haustferien, og det er treningar ein gong i veka fram til vi avsluttar med å vise fram programmet vårt på barneturnstevne i slutten av april kvart år.

Ta kontakt om du ønsker meir informasjon eller om du har born som ønskjer å vere med på turn i Flatraket Idrettslag.