Medlemskap

Registrer deg og vedlikehold medlemskapet ditt på Min idrett eller ta kontakt med styret:

Min idrett er Norges Idrettsforbund sin portal for medlemmar. Her kan du legge inn kontaktinformasjon, endre adresser, sjå verv, eller melde deg på kurs.

Alle medlemmar må etterkvart vere registrerte på Min Idrett. Dette er krav frå myndigheitene i forbindelse med utbetaling av støtte. Logg inn i dag og registrer dine opplysningar. Det må registrerast epost-adresse for alle. For barn kan ein legge inn epost-adressa til føresette.

Kontigentar

Det skal vere rimelig å vere medlem i Flatraket Idrettslag. Det er lov å vere medlem for dei som ikkje lenger er så aktive. Dess fleire medlemmar vi er, dess meir får vi i tildelte støttemidlar.

Familiemedlemskap

Familiemedlemskap gjeld forelde og barn i husstanden opp t.o.m 17år, og kostar kun 300kr pr år.

Enkeltmedlemskap

Enkeltmedlemskap kostar 150kr, og er personleg.

Treningsgebyr

Treningsgebyr for barn er 200kr, men er begrensa til maks 400kr pr familie slik at husholdningar som har fleire enn 2 aktive barn skal sleppe å betale so mykje.

Treningsgbyret for vaksne er 300kr pr år.

Treningsgebyret for A-laget er 1200kr pr år.