Fjella på Flatraket

Flatraksdalen er omkrinsa av fleire lett tilgjengelige fjell, med fantastisk utsikt. Rutene kan kombinerast i det uendelige, og du bestemmer sjølv kor lang tur du vil gå.

Lynghaughornet/Lyngvahornet

Lynghaughornet sett frå stien frå Håkonshallen. Silda og Stadlandet i bakgrunnen.
Lynghaughornet er ein populær topp plassert mellom Flatraksdalen og Nordpollen. Toppen er tilgjengelig både direkte frå Utsikten, eller som en del av ein rundtur frå Håkonshallen eller Grautafatet. 

Synnevahornet

Synnevahornet i vinterdrakt
Synnevahornet er det høgste fjellet i Vågsøy kommune, og ligg innom Flatraksdalen. Fjellet er tilgjengelig både frå Flatrakssida, frå Nordpollen og frå Almenningsfjellet. Frå Flatraket kan turen til Synnevahornet kombinerast på mange ulike måtar. Mange vel å gå inn Flatraksdalen, via Selet og Namneberget, andre kjem via ruta frå Håkonshallen.

Alskartinden

Alskartinden sett frå Flatraksdalen
Alskartinden er en majestetisk tind inst i Flatraksdalen. Her har ein panoramautsikt over Flatraksdalen,Sørpollen og mot Hornelen. Kortaste vegen går opp Flatraksdalen til Selet, og vidare stien mot Johannevatnet. Ta av mot toppen når stien flatar ut mot Johannevatnet. 
Alskartinden er ikkje ein del av fjelltrimmen, men den er absolutt verdt eit besøk!

Gangeskaregga

Gangeskaregga ligg mellom Flatraksdalen og Sørpollen. "Eggja" kan nåast ved å gå opp frå Gangeskartunnelen, eller ein kan gå opp Flatraksdalen og følge egga tilbake mot Gangeskaret. Dette er også ein fin rundttur. 
Eggja har nokre smale parti, og er nok det einaste fjellet i dalen som kan gi ein luftig følelse. Ein kan fint gå Gangeskaregga utan å måtte gå ut på kantane eller utsatt til. Ein skal likevel vere forsiktig i dårleg vér og dersom det ligg snøv langs egga.
Om ein vel å gå ned mot Gangeskartunnelen skal ein halde mot Sørpollen sida, det er også der stien går.

I tillegg kan du besøke:

  • Håkonshallen
  • Selet
  • Johannevatnet
  • Namneberget
  • Torvhusa
  • Sætrekupane
  • Esterbekken
  • Grautafatet

Sjå Fjelltrimmen for oversikt over dei ulike postane.