Georeg

Flatraket idrettslag har tatt i bruk appen Georeg for registrering av besøk på postane i fjelltrimmen. Dette vil forenkle opptellinga av poeng i fjelltrimmen.

For å registrere besøk må ein registrere seg på sidene til Georeg og innstallere Georeg-appen ein smart-telefon. Ein må ha lokasjon aktivert på telefonen. Registreringa fungerer sjølv om det skulle mangle dekning i område der posten ligg.

Bruk av appen er gratis for alle brukarar.

Appen er tatt i bruk for registrering av poeng i fjelltrimmen 2019/2020. Opptjeningsperioden er 1. oktober – 1. oktober. Premiering foregår på Idrettsbasaren.