Trimløype rundt dalen

Om prosjektet

Idrettslaget er i gang med eit prosjekt for bygging av trimløype rundt Flatraksdalen. Trimløypa vil stortsett gå på eksisterande skogsvegar og stiar, og vil krysse myra omtrent der stien går i dag.

Vi er godt i gang med finansieringa, og forventa byggestart er januar 2020.

Når prosjektet er ferdig vil det resultere i ei omlag 3km lang turløype rundt dalen:

Sponsorarbeid

Trimløypa er eit stort prosjekt for idrettslaget, og vi er avhengig av god støtte. Idrettslaget har fått bidrag både frå private, frå lokalt næringsliv og regionale stiftingar. Våren 2019 fekk også prosjektet innvilga spelemiddel frå Norsk Tipping.

Ta kontakt om du eller di bedrift ønskar å støtte prosjektet. Det er oppretta eigen bankkonto, eller du kan støtte prosjektet via Vipps: #14792.

Vi takkar alle bidragsytarar for støtta:

AS Fiskevegn

Nordvestvinduet

BRM Norway

Paneda

Byggtorget – Bygg & Byggevarer

Selje Kommune

Fjord Services


SFE

FluorLux

Sparebanken Vest

Hud og Fotterapeuten

Sparebankstiftinga

Husevåg Rør
Ulvesund Elektro
Joker Flatraket

Local Host

Mowi