Fjelltrimmen

På fjella rundt Flatraket, Flatraksdalen og Nordpollen finn du 13 merka fjellpostar som inngår i Fjelltrimmen. Oversiktskartet under viser plasseringa til alle postane.

Kvar post gir poeng, og i tabellen under finn du poengoversikta for postane. Opptjeningsperioda er 1. oktober til 1. oktober påfølgande år.

Alle postane er registrert i Georeg. For vaksne er det berre besøk registrert i Georeg som tel. For born blir bøkene framleis telt manuelt. Vi har ingen moglegheit til å telle besøk både i bok og i app. Vi oppfordrar alle til å bruke appen uavhengig av ambisjonsnivå.

For vaksne over 15år er det premie til den med mest poeng, og alle over 500 poeng er med i trekninga av fleire gåvekort. For born til og med 15år er det premiering til dei tre beste, samt til alle over 100 poeng. Vi trekk også ut tre premiar blant borna under 10 år som har vore med i Fjelltrimmen Ein må vere medlem i idrettslaget for å vere med i Fjelltrimmen.

Premieutdelinga foregår på den årlige Idrettsbasaren som blir arrangert i gymsalen i slutten av november. Sjå årsplanen for neste Idrettsbasar.

Dei raude trekantane [] indikerar plasseringane til postane. Dei grøne firkantane [] indikerer alternative startpunkt. Posten i Håvika er tatt ut av fjelltrimmen pga lite besøk.

Poeng i fjelltrimmen:

PostPoengPlassering
Torvhusa
Sætrekupane
Nordpollvatnet
Håvika
Esterbekken
Selet
Håkonshallen
Lynghaughornet
Koppen
Johannevatnet
Navneberget
Alskartinden
Synnevahornet
Gangeskaregga
2
2
2
0
4
6
6
6
6
6
8
8
10
15
Inne i første Torvhuset
Ved steinmur
Ved elveutløpet

Berg ved stien
På døra til eine huset
På murane etter Håkonshallen
Topp
Ved vatn
Ved vatn
Ved berg av kleberstein
Topp
Topp
Ved vatn

Nedlastbar pdf-versjon av kartet finn du her: