
Om Trimløypa
Trimløypa rundt Flatraksdalen er ei 3km lang grusa trimløype med start å slutt i bygda. Trimløypa er ein fin tur i seg sjølv, eller som utgangspunkt til kortare eller lengre turar i fjella rundt dalen.

Om prosjektet
Etter folkemøter i bygda kom trimløypa rundt dalen inn i Selje kommune sin arealplan.
Hausten 2018 vart det søkt om spelemiddel. Parallelt starta arbeidet med øvrig finansiering. Prosjektet har møtt stor velvilje, både blant grunneigarar, bygdefolk, sponsorar og stiftingar. Blant anna bidrog over 70 privatpersonar med støtte til trimløypa. Våren 2019 fekk vi innvilga spelemiddel frå Norsk Tipping. Sjå liste over alle sponsorane under.
Vinteren 2019/2020 starta byggesøknadsprosessen. Etter bla skredvurdering av geolog fekk vi byggeløyvet 17.04.2020.
Entreprenør Kvernevik AS starta arbeidet i mai 2020, og var ferdig med grunnarbeidet 2. oktober 2020.
Sponsorarbeid
Trimløypa er eit stort prosjekt for idrettslaget, og vi er har vore avhengig av gode støttespelarar. Idrettslaget har fått bidrag både frå private, frå lokalt næringsliv og regionale og nasjonale stiftingar. Våren 2019 fekk også prosjektet innvilga spelemiddel frå Norsk Tipping.
Takk til Norsk Tipping og Fylkeskommuna for tildeling av spelemiddel sommaren 2019:

Vi takkar alle bidragsytarar for støtta: